Bu deg på å kjøpa lodd

Dette staselege byggverket kan bli ditt, samtidig som du stør Kreftforeininga. Men dei to karane er ikkje innbu.

To karer i døråpning - Klikk for stort bildeDenne gilde bua er laga av avdelinga for Bygg- og anleggsteknikk. Her har dei inspisert ho, russepresident Josva Severinsen og miljøarbeidar Trond Sjåstad. Tangen vgs

Miljøarbeidar Trond Sjåstad fekk auge på eit lite hus som Bygg og anlegg på Tangen hadde reist. Var det ei furtebu? Ei pølsebu? Ei sykkelbu? Ei vaffelbu? Ei kakebu?

Dette brydde ikkje Trond seg om. Han ville berre ha bua, han ville tigge henne. Ikkje til seg sjølv, men til Tangen-russen som samlar inn pengar til Kreftforeininga.

Glad gut

-No har eg det, tenkte Trond, dette blir ei loddbu, me loddar henne ut for den gode saka.

Så nemnte han planen for russepresident Josva Severinsen. Då vart denne ein glad gut.

Kven kan seia nei til desse flotte karane? Det kan ingen i leiinga på Tangen. Snart blei bua ein traus lottergevinst til rundt rekna, orsak, firkanta rekna, 15.000 kroner for 2,15 ganger 1,65 kvadratmeter. Avdelinga for Bygg- og anleggsteknikk har laga det flotte minibygget, så kvaliteten er det ikkje noko å seie på.

Redskapsbod - Klikk for stort bildeHo kan bli di for 25 kroner. Tangen vgs

Til torsdag tek me til å selja bu-lodd til inntekt for Kretftforeininga, og så på torsdagane bortetter, fortel russepresident Severinsen. 25 kroner loddet. Billeg, når ein ser den gilde, nybeisa bua. Det er berre ansatte som får sikra seg lodd på bua.

Den som vinn, må sjølv sette bu, det vil seia ordne transport og tomt.

Sidemål

Men kvifor vert denne artikkelen skriven på nynorsk? For å få til ei morosam overskrift, og for å tenna ungdommen for sidemålet.

Skal me leika meir med ordet bu? Neivel, då gjer eg det åleine.

Eg foreslår at bua vert kalla  John Akii-Buas minne. John var den første ugandaren som vann olympisk gull. Veit du at det skjedde i München-OL i 1972 på 400 meter hekk og ny verdsrekord, 47,82 sekunder, er du vel budd for sambuarskap eller buskap.